Til Knutholmen for å puste ut!

Ting skjer i livet til Hildegunn Moltubakk. Ho er endeleg offisielt skilt frå Per-Leif- ja, broren til Leif-Per, altså – men har framleis ansvaret for
klesvasken hans, sidan han instisterer på å bu i campingvogn. 

– Eksmannen min er like hjelpelaus som ein meitemakk i fritt fall, så eg har lova å hjelpe han med klesvask ei lita stund til.

Då går det i alle fall betre med sonen, Hans-Robert, som har hatt arbeidsvegring i fire år. Han har flytta til Oslo og blitt superstjerne i reklamebransjen med gode slagord som spesialitet, og dottera Brit-Bente har slått opp med typen og flytta heim igjen med fire ungar og to litt for store hundar. Og Leif-Per, som vanlegvis bur i kjellarleilegheita under Hildegunn, har heldigvis ei hytte i nærleiken som han kan røme til når det kokar som verst. Hildegunn har forresten begynt å jogge, men har fått konstatert klemmeabstinens som konsekvens av koronaen, men har ei fast bjørk i skogen som ho klemmar eit par gonger i veka.

– Ja, det har vore eit spesielt år, vil eg påstå. Når eg tenker meg om er alle åra i livet mitt spesielle. Og nettopp difor skal det bli godt å kome til Knutholmen og puste ut. Det blir berre ein enkel liten konsert ned meg og Leif-Per. Ikkje lag noko styr! seier Hildegunn i ein kommentar.

Og det heile skjer på Knutholmen den 9. og 10. juli.
Frøyenhuset kl.18:00 begge dager.

Billetter kan du kjøpe her