kokk på kjøkkenet

Våren byr på mange fantastiske råvarer. Vi er heldige som bur midt i matfatet og kan tilby våre gjestar rike fat med nykokt krabbe, hummar og villfanga fisk frå storhavet og ikkje minst hjort skutt av lokale jegera i område.
Vi set vår ære i å halde høg kvalitet på alt vi serverer.

oppdekka bord

Naturen rundt Knutholmen er ei oppleving i seg sjølv. Det går turstiar over fjella, mellom anna til kvite strender og høge klipper der du kan sjå havørn og heftig sjø. Du kan bli med oss på havet for å dra line eller fiske krabbe. Du kan padle brett eller kajakk, leige ein båt for deg sjølv, eller gå på budavandring med oss. Du kan ta eit bad i sjøen etter ein god og varm time i badstova.

dagstur hytta dosabu
Dagstur hytta Dosabu

Besøk stormjakthytta Dosabu og få panoramautsikt til storhavet.
Hytta er plassert på kanten av klippeterrenget og er open for alle.
Ta med deg god niste og varm kakao på termos og nyt den flotte utsikta medan havørna svever forbi.
Godt merka sti fra Nesje ca 3km lang. Fra kalvåg er turen 6,5 km lang.

Fisketur

Bli med oss på fisketur til havets skattekammer.

Vi gjer tilpassingar for kvar enkelt gruppe, med line- og teinedraging, eller lengre fisketid om du ynskjer det. Turen er berekna til 2 timar og blir tilpassa vêr og varsla forhold. Vi tek alltid omsyn til naturen.

Båten tek inntil 4 passasjerar og er ein spanande aktivitet for fiskarar i alle aldrar. Det er en kjentmann med på alle turar til ei kvar tid.

bade i sjøen

Lite er meir helsebringande enn ei dampande varm badstove før eit friskt bad i havet. Ei velgjerande oppleving du bør unne deg om du er i Kalvåg. Ein kan fort kjenne litt livsglede av slikt.

bilde på vegg. Galleri Torsheim

Det er med stor glede vi kan ynskje velkommen til Galleri Torsheim.
Oddvar Torsheim sitt eige galleri med over 700 kunstverk frå hans første maleri til hans siste verk.
Vi tilbyr private visningar på forespurnad.

Hjertelig velkommen til Kalvåg

Frøyenhuset

Fleire artiklar

bide av lounge og glass champagne

Åpningstider Mai

Åpnigstider restaurant fra 1. Mai. Vi håpar å sjå deg der.

Link
Hornelen Via Ferrata

Hornelen Via Ferrata

Du har aldri klatra eit fjell som dette før

Link
Gavekort

Perfekt gåve til de som har alt

Gje nokon du bryr deg om eit gåvekort.

Link