kinnaklova

Kinnaklova

hellerisninger

Vingen Helleristningsfelt

grotlesanden

Grotlesanden

vetvika

Vetvikja

aalfotbreen

Ålfotbreen

Sjøhusmiljøet i Kalvåg
Kalvåg har eit av dei best bevarte sjøbruksmiljøa på Vestlandet. Buene ligg tett i tett rundt den vesle vågen og dannar eit sjarmerande miljø. Ta deg tid til buavandring når du er i Kalvåg. Her får du guida omvising av kjentfolk som har arbeidd på buene i ein mannsalder. Vamråk Sildesalteri er i dag ein del av Kystmuseet

Vamråk Sildesalteri
Under det store sildefisket på midten av 1800-talet var Kalvåg reine fiskemetropolen med fleire tusen tilreisande fiskarar. Vamråbuene representerer ein del av den næringsverksemda som sildefisket skapte, og er i dag ein del av Kystmuseet i Sogn og Fjordane, men var i drift heilt fram til byrjinga av 90 talet. Her får du omvising etter avtale, og eit spennande innblikk i korleis fiskeindustrien har utvikla seg frå 1800-talet og fram til i dag.

Kunst i Kalvåg
Kalvåg har kunstutstilling året rundt – ute i naturen. Kunstarbeid i filt finn du i kunstløypa ved Kalvåg sentrum. Her oppdagar ein stadig nye ting, opplevinga er like stor om du går løypa både 2 og 3 gonger! Kalvåg har elles fast kunstutstilling inne store delar av sommaren. Meir informasjon på Sommarakademiet.

Smørhamn Handelstad
Smørhamn Handelstad er frå 1600-talet, og har vore sentral opp igjennom historia, og eit viktig knutepunkt for seglskute og jektefarten mellom Nordfjord og Bergen. Viktig var Handelstaden òg for fiskarar og lokalbefolkninga i området. Her kunne ein få alt frå slipestein til knappenåler, sirup til såpe, samt øl og brennevin. I 1790 fanns det rundt 30 hus i Smørhamn. I dag står ein del av buene og hovudhusa att. Handelstaden ser ein frå vegen og sjøen ca. 4 km frå Kalvåg sentrum.

Dykking i Kalvåg
I sammarbeid med Kalvåg dykkarklub kan vi tilby bla. tilby dykkerturar, kurs, luftfylling ogalt somhøyrer til. Det er perfekte forhold for allslags dykking her i området. Det er rett ut sagt eit eldorado, ein av den beste stadene i heile Sør-Norge.

Grotle Kyrkjegard
Restaurert kyrkjegard med graver/gravsteinar helt tilbake til Svartedauden. Kyrkjegarden ligg ut mot havet like innanfor Groltesanden ei vidstrakt sandstrand det er vel verd å ta turen innom på sommarstid.

Grotlesanden
er ei av dei største sandstrendene på våre kantar. Her er silkemjuk sand så langt auge rekk. Grotlesanden er ein attraksjon i fint vær, men er kanskje endå meir fasinerande i styggevær når stormen bryt innover.

Hornelen
Hornelen, Nord –Europas høgaste sjøklippe, kneiser med sine 860 m rett opp frå sjøen ! Hornelen er eit imponerande syn og opplevinga er ikkje mindre når en køyrer båten tett oppunder klippa. Det er mange segn som knyter seg til denne sjøklippa. Den er bl.a nemnd i Snorre Sturlason Saga, der det vert fortalt at Olav Tryggvason klatra opp klippen frå sjøsida på sin tur rundt i landet for å kristne Norge.

Vingen Helleristningsfelt
Ikkje langt frå Hornelen, inst i den tronge Vingenpollen, med bratte fjell ikring, ligg Vingen, eit av dei største og mest særmerka helleristningsfelt i Nord-Europa. Her finn ein mellom 1000 og 1500 figurar, truleg laga av veidefolk i yngre steinalder (omlag 4000 – 6000 år gamle). Hjorten er det vanlegaste motivet, men ein finn òg menneskefigurar og abstrakte symbol. Området er verna, og kun organisert ferdsel er tillate. Det vert sett opp turar enkelte dagar om sommaren.

Kvannhovden Fyr
I 1895 vart det bygt fyr på Kvannhovden, og lyset vart kveikt 5. november dette året. Det var ei vanleg veike-lampe, og først i 1932 fekk fyret ei kraftigare glødelampe. Kvannhovden fyrstasjon er eitt av mange fyr langs kysten. Fyrstasjonane har mye god kysthistorie og fortelje. I tillegg til dette kan Kvannhovden by på nærkontakt men svært vakker natur. Fyrhuset står på ein karakteristisk hovde, på øya Hovden, med lykta i vestgavlen på fyrvaktarbustaden, vel 40 meter over flomålet.

Botnane gravrøyser
På gardane Sørbotten, Øvrebotten og Nordbotten i Botnane ligg åtte gravrøyser, fleire lett synlege frå både vegen og skipsleia. Gravene er sannsynlegvis frå eldre bronsealder – kring 1800 – 1000 f. Kr. Desse kystrøysene er mellom dei fremste kulturminna frå bronsealderen som er bevart i Noreg, i god stand etter meir enn tre tusen år. Den største har eit tverrmål på 36 meter, den minste er på 14 meter. Når så mykje arbeidskraft kunne brukast på å bygge gravmæle over få utvalde personar, tyder det på at samfunnet var stramt hierarkisk ordna.

Vetvikja
I si tid ei velstandsbygd med velstelte gardar og fin buskap. I dag står dei fråflytta husa og minner om det som ein gong var. Her finn ein også den minste gravplassen i Bremanger, med heile 9 graver. I dag er gravplassen, som vart vigsla i 1923, freda. For dei som går turen over frå Grotle eller reiser med eigen båt finn ein i Vetvik interessante planteførekomstar, og ei lun og fin lita badestrand.

Myklebustsetra
På vegen mellom Ålfoten og Svelgen (RV 614) ligg Myklebustdalen med Myklebustsætra plassert rett attmed Sætravatnet.
Dette er ei av dei få setrane i Sogn og Fjordane som enno er i drift. Her er sel og fjøs for alle bruka på Myklebust i Ålfoten. I dag er det 4 bruk som til saman har ca 50 kyr og ungdyr på setra om sommaren. Det er eit dieselaggregat som skaffar straum til mjølkemaskiner og tankar, men sela er utan straum. Området er barnevenleg og har merka turløyper.

Vi flytter ut rundt jonsok-tider og heim att i bygda før jakta tek til 10.september. Brukarane fer på setra til fjøstid i 6-tida om kvelden, og vanlegvis overnattar dei til neste dag og reiser heim att i bygda etter fjøstellet om morgonen. I helgane er det alltid mykje folk på setra. Vi får mykje fisk både på garn og stang.

Vi likar godt å ta imot besøk. Etter førhandsbestilling serverer vi rømask og setresveler til grupper på inntil 30 personar. Sidan det tek nokre dagar å få rømaskane ferdige, så må vi få bestilling seinast 4 dagar på førehand.

Kinnakyrkja og Kinnaklova
Kinnakyrkja er bygd i stein, truleg ein gong på 1100-talet. Det er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og eit av dei flottaste mellomalder-monument på Vestlandet. Ho var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld fram til 1882. I vår tid er Kinnakyrkja ei stas- og ei sommarkyrkje. Ein historisk samlingsplass, særleg under det årlege Kinnaspelet kring jonsok. Kinn Turistsevice held omvisning i middelalderkyrkja på Kinn. I Juni, Juli og August er kyrkja open i samband med turistrutene til Kinn og mellom kl.15.30 og 16.15 mandag til fredag i samband med ruta frå Florø kl. 14.30 med retur frå Kinn 16.30. Utenom er det muleg å bestille omvisning for grupper og enkeltpersoner etter avtale. I kyrkja får ein både ei orientering og ei stemningsoppleving med levande lys og musikk-innslag på C-fløyte og kyrkjeorgel.

Ålfotbreen
Ålfotbreen er 70 kvadratkilometer og strekkjer seg over kommunane Gloppen, Bremanger og Flora. Sjeldan kan ein by reklamere med ein isbre innanfor grensene (Florø). Breen kan ein nå frå mange utgangspunt; Grøndalen, Svelgen, Ålfoten m.m Vis aksemd på breen, han er i stadig rørsle.