Kalvåg i seg sjølv er eit stort levande hotell. Likar du god atmosfære, god mat og ramsalta kystkultur? Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast. I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala. Vi har mat frå havet som vår spesialitet. Ferske råvarer er viktig for eit godt resultat. Vi har fiskfelta berre eit steinkast utanfor. Gode kokkar gjer sitt beste for at du skal få ei god smaksoppleving med dei ferskaste råvarer som er tilgjengelege.

Knutholmen er med i hotell kjeden De Historiske. I tillegg til ei god seng og god mat har vi eit mangfald av opplevingar.

Vi er opptekne av miljøet og driv målretta arbeid knytt til dette. Sertifisert som miljøfyrtårn i 2013.

Knutholmen mottok Årets Reiselivsbedrift i Sogn og Fjordane 2013.

Knutholmen AS vart etablert i 1986 og er framleis ei familiebedrift med 15 årsverk i 2014. Vi er aktive i høve bidragsyting til utvikling av lokalsamfunna. Knutholmen er godkjent lærebedrift i servitør og kokkefag.

Ta med deg familie, gode venner, kollegaer eller kundar til fiske og opplevingsparadiset Kalvåg.

Vi håpar du får eit fint opphald med oss! Velkommen til Knutholmen og Kalvåg.

Helsing familien Fosse og dei tilsette på Knutholmen.

Velkommen til Knutholmen og Kalvåg. Helsing familien Fosse og dei tilsette på Knutholmen.