Norsk   Deutsch 

sub_om3.jpg
Om oss

Kalvåg i seg sjølv er eit stort levande hotell!
Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur?
Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast.

I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala.

Vi har mat frå havet som vår spesialitet. Ferske råvarer er viktig for eit godt resultat, vi ligg så og seie midt i spiskammerset med fiskefelta berre eit steinkast utanfor.

Ta med deg familie, gode venner, kollegaer eller kundar til fiske og opplevingsparadiset Kalvåg.

Velkomnen til Knutholmen og Kalvåg.
Helsing Svein Inge Fosse og dei tilsette på Knutholmen i Kalvåg.

 

Samfunnsansvar og Knutholmen sitt arbeid med det
Knutholmen har sidan starten i 1986 vore oppteken av lokalsamfunnet. Knutholmen har teke vare på og totalrenovert hus som "andre ikkje ville ha". Knutholmen har restaurert 5 store sjøhus og ein del andre bygningar for til saman kr 60 mill. gjennom disse åra. Knutholmen har som filosofi å bruke bygda. I tillegg til dei husa som Knutholmen eig, leiger vi hos andre for kring 1,3 mill årleg, og i tillegg brukar Knutholmen årleg meir enn kr 400.000,- på tiltak i lokalsamfunnet. 

Knutholmen er oppteken av kortreist mat og handlar all fisken lokalt hos Br. Larsen eftf. i Kalvåg. Så langt råd er handlar vi med lokale næringsdrivande.

 

 


Åpent kvar dag!

Tlf: 577 96 900

 

 


  Login   Copyright (c) 2010 Knutholmen  |  DNN Design:Gasta www.visitbremanger.no