Norsk   Deutsch 

Myklebustsætra
Myklebustsetra

 

 

 

 

 

 

Copyright © Bremanger Vekst
Ålfotbreen

inne
Kinnakyrkja

Kinn
Kinnakyrkja med Kinnaklova i bakgrunnen

Andre attraksjonar i området ikring

Myklebustsetra
På vegen mellom Ålfoten og Svelgen (RV 614) ligg Myklebustdalen med Myklebustsætra plassert rett attmed Sætravatnet.
Dette er ei av dei få setrane i Sogn og Fjordane som enno er i drift. Her er sel og fjøs for alle bruka på Myklebust i Ålfoten. I dag er det 4 bruk som til saman har ca 50 kyr og ungdyr på setra om sommaren. Det er eit dieselaggregat som skaffar straum til mjølkemaskiner og tankar, men sela er utan straum. Området er barnevenleg og har merka turløyper.

Vi flytter ut rundt jonsok-tider og heim att i bygda før jakta tek til 10.september. Brukarane fer på setra til fjøstid i 6-tida om kvelden, og vanlegvis overnattar dei til neste dag og reiser heim att i bygda etter fjøstellet om morgonen. I helgane er det alltid mykje folk på setra. Vi får mykje fisk både på garn og stang.

Vi likar godt å ta imot besøk. Etter førhandsbestilling serverer vi rømask og setresveler til grupper på inntil 30 personar. Sidan det tek nokre dagar å få rømaskane ferdige, så må vi få bestilling seinast 4 dagar på førehand.

Ålfotbreen
Ålfotbreen er 70 kvadratkilometer og strekkjer seg over kommunane Gloppen, Bremanger og Flora. Sjeldan kan ein by reklamere med ein isbre innanfor grensene (Florø). Breen kan ein nå frå mange utgangspunt; Grøndalen, Svelgen, Ålfoten m.m Vis aksemd på breen, han er i stadig rørsle.

Kinnakyrkja og Kinnaklova
Kinnakyrkja er bygd i stein, truleg ein gong på 1100-talet. Det er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og eit av dei flottaste mellomalder-monument på Vestlandet. Ho var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld fram til 1882. I vår tid er Kinnakyrkja ei stas- og ei sommarkyrkje. Ein historisk samlingsplass, særleg under det årlege Kinnaspelet kring jonsok. Kinn Turistsevice held omvisning i middelalderkyrkja på Kinn. I Juni, Juli og August er kyrkja open i samband med turistrutene til Kinn og mellom kl.15.30 og 16.15 mandag til fredag i samband med ruta frå Florø kl. 14.30 med retur frå Kinn 16.30. Utenom er det muleg å bestille omvisning for grupper og enkeltpersoner etter avtale. I kyrkja får ein både ei orientering og ei stemningsoppleving med levande lys og musikk-innslag på C-fløyte og kyrkjeorgel.

Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs leia, som kan sjåast over store område. Ein flott fottur opp i sjølve klova, gjev eit fantastisk utsyn utover havet. Kvart år, i juni, vert Kinnaspelet vist på tunet framfor kyrkja. Eit historisk spel om kjærleik, hat, truskap, og lojalitet til kyrkja og til menneske.

 

    


  Login   Copyright (c) 2012 Knutholmen  |  DNN Design:Gasta www.visitbremanger.no