Insert:    
Visibility:     Module:   
Norsk   Deutsch 

sub_akti.jpg
Aktivitetar

Aktivitetspakkar

Aktivitetar p� eiga hand

Attraksjonar

Best 2010 liste overtilbydere

i hastigheter som er fantastiske
download horror movies online
    
Andre aktivitetar

Fiske
Fiske er ein sjølvklart aktivitet når du er i Kalvåg og staden byr på gode fiskemoglegheiter. Her kan du dra ut å fiske på eiga hand i gode tresnekker med innanbords motorar eller du kan leige båt med påhengsmotor.
Du kan vere med ut å dra torskeruser, eller vere med kjentmann på sjark. Kalvåg har ei svært god hamn, og ligg slik til at ein mest uansett vær kan ta båten ut for å fiske. Kanskje du har lyst til å rake krabber?  Vi har også Skøyta ”Staalnes” som er ein populær båt for fiske og sightseeing. Fiske på våren, hausten og vinteren

Krabbeteiner
Er du med å sette krabbeteiner, kan du risikere å få opptil 30 krabber i ein teine.

Krabberaking
Vil du vere med på å rake krabber frå svaberget – i Bremanger har du mulegheitene !
Her er du med kjentmann ut og får oppleve det mest fantastiske krabbefisket som finns, nemlig å rake krabbene opp i båten !

 

Gå på fjellet i merka turløyper
Mogelegheitene for tur i fjell og skog med eller utan guide er mange. Det fins mange gode, merka turløyper i Bremanger kommune. Du kan få turkart over merka turstiar hos Knutholmen eller ved turistinformasjonen.

Ein av turane er fottur med eller utan guide til Hornelen som er Nord Europas høaste sjøklippe på 860 m.o.h. Du finn og Noregs vestlegaste bre i Bremanger, Ålfotbreen. Her kan du gå med guide. Ein dagstur og ei unik oppleving. Turane går frå Myklebustdalen og Ålfoten, og må bestillast på førehand. Ein har merka løype til breen frå Myklebustdalen.

Vetenløpet blir arrangert årleg av Bremanger Idrettslag. Stien til Veten går i to høgdeetappar. Første kneika med jamn bratt stigning endar i Grolsdalen på ca. 300 m.o.h. So er det ein kvapp kilometer med flatt terreng før neste bratte med 200 høgdemeter. Veten platået ligg altså på ca 500 m.o.h.

Kystrafting
Ta turen med Kystrafting gjennom skjærgården. Vi vil oppsøke lokalhistoriske plasser, kanskje ei bortgjømt vik der ?Shetlandbussene? skapte historie. Det å få se kobben/selen på skjæret ligge og sole seg og kanskje ei havørn eller to kjempe om det daglige føde. Dette er noe gjestene gleder seg stort over. Det vil bli lagt opp til stopp hvor vi besøker lokalbutikken. Vi staker kursen videre på kanten av storhavet mellom øyer og skjær. Vi besøker de ulike samfunn i vårt Øyriket som er bygget opp på gamle sildefisket. Saga øya Kinn med si gamle kirke fra middelalderen er vert et besøk m.m.! Besøk: www. Kystrafting.no

Kano og kajakkutleige
Leiga inkluderer sprutetrekk, vest og instruksjon

Mogeleg med guida turar og kurs.

Sommarakademiet i Kalvåg
Sommarakademiet ønskjer å utvikle og knytte nasjonale og internasjonale nettverk innanfor kunst og kultur. Det er lagt særlig vekt på utveksling og samarbeid med landa i ”vesterled”.

Sommarakademiet tilbyr aktivitetar for dei som ynskjer oppleivingar innan kunst og kultur. Det vert arrangert kurs innan m.a. maling og flitting/toving. Dette er kurs som er opne for alle anten ein har erfaring eller ynskjer å lære seg noko nytt.

Konsertar, kunst utstillingar og turar kan ein oppleve i spesielle og særprega omgjevnader. Sjå eige program. Sommarakademiet startar kunstskulen i Kalvåg allereie i april/ mai. Her kan du delta på eit rikt antall kurs med profesjonelle lærarkrefter.

I samband med hjortejakta disponerar vi pr i dag 2 jaktvald. Flott og lett terreng. 2 X 4 km me to mindre plantefelt. På Knutholmen får du overnatting, mat og drikke, slakteplass og kjølerom.

Det er mogeleg å leige lokalkjend guide.

Ta kontakt for meir informasjon. 

Dykking i Kalvåg                                                                                                                            
I sammarbeid med Kalvåg dykkarklub kan vi tilby bla. tilby dykkerturar, kurs, luftfylling ogalt somhøyrer til. Det er perfekte forhold for allslags dykking her i området. Det er rett ut sagt eit eldorado, ein av den beste stadene i heile Sør-Norge.

 

Booking/info:

Knutholmen
6729 KALVÅG

Tlf.     57 79 69 00
Fax.    57 79 69 01

post@knutholmen.no

 * (Aktivitetspakke 8 er tilrettelagt av Hotel Alexandra)

 



  Login   Copyright (c) 2012 Knutholmen  |  DNN Design:Gasta www.visitbremanger.no