1,5 timar tur for minimum 10 personar
Vi møtast i Gamlebutikken, der det vert utlevert korrekt antrekk for ei historisk
vandring gjennom 5000 år i Kalvåg. Vi ruslar gjennom bygda, rundt vågen
og legg inn eit besøk hos Vamråk sildesalteri. Vamråk Sildesalteri er i dag
ein del av Kystmuseet i Sogn og Fjordane, men var i drift heilt fram til byrjinga
av 90 talet. Vi returnerer til Gamlebutikken der vandringa vert avslutta med
ein sildedram på Gamlebutikken.