Havfiskepakkar

HAVFISKE MED SJARK Alle turar går med sjark eller tilsvarande som på bilete*. Kva båt tek inntil 4 passasjerar på ein komfortabel tur rundt på ulike mål på havet. Ta kontakt ved større grupper enn 4 personar. Det er kjentmann med på alle turar til ei kvar tid. Turane kan avvike noko på tid, køyrerute eller bli kansellert på kort varsel grunna endring i ver. Prisar vert gjeve på forespørsel. Havfiske Frøysjøen 3 t Turen går mot dei beste fiskefelta i Frøysjøen. Du får låne fiskeutstyr, varmedress og støvlar. Du kan sjølvsagt ta med eige utstyr om du ynskjer dette. Ynskjer du å optimalisere fangsten vil vi foreslå å legge til ein av fiskemetodane under. Fiskarens matpakke & termos med varmt drikke er inkl. Havfiske Storhavet 6 t Turen går mot dei beste fiskefelta etter årstid og ver. Du får låne fiskeutstyr, varmedress og støvlar. Du kan sjølvsagt ta med eige utstyr om du ynskjer dette. Ynskjer du å optimalisere fangsten vil vi foreslå å legge til ein av fiskemetodane under. Enkel tilberedning av egen fisk om bord med flatbrød, smør og poteter.    Tilleggsval for Havfiske: Kveiteline (draging 200 krok) Draging av garn 200 meter Draging av fiske eller krabbeteiner ( 10 krabbeteiner eller 5 fisketeiner) Fillettering og pakking/vakumering av fangst *All type garn og bruk vert egna, klargjort og sett ut på førehand, etterarbeid er inkl. i pris.  

Sightseeing med helikopter

Tur 1: Lokal sightseeing Kalvåg og Hornelen  (20 min) pris 3.900,- pp. Tur 2: Kalvåg, Hornelen og Vågsvåg(30 min) pris 4.400,- pp. Tur 3: Kalvåg, Hornelen og Ålfotrbreen (60 min) pris 5.900,- pp. *Prisane er gjeldande for min. 6 deltakarar. Praktisk info:Alle turar går med utgangspunkt frå Kalvåg om ikkje anna er avtala. Helikopteret tek inntil 7 passasjerar på ei komfortabel reise rundt på ulike mål i vårt område. Har du spesielle ynskjer om rute, skreddarsyr vi gjerne eiga rute for din tur. Ta kontakt ved større grupper enn 7 personar. Turane kan avvike noko på tid, køyrerute eller bli kansellert på kort varsel grunna endring i ver. *Prisane er gjeldande for min. 6 deltakarar.

Vest av Bremanger

Vest av Bremanger mellom holmar og skjer. Vi vil passere gamle og nyaere busetningar helt ute ved havet til Veststeinen og fantastiske Vetvika. På turen vil ein kunne få oppleve eit rikt dyreliv og ein fantastisk natur. Om ein er heldig kan ein få møte selen som ein kan og få mate om ein er heldig. 2,5 t Kr. 1190,- pp. *Prisane er gjeldande for min. 6 deltakarar.

Båttur med standhogg

Kvanhovden fyr Vi kryssar yst i Frøysjøen og kjem fram til Kavnhodenfyr. Fyret ligg spesielt verhardt til noko som viser igjen med plassering av fyret 40 m.o.h. Vi går i land og utforskar området nærare og nyt utsikten av storhavet med noko godt i koppen. 2,5 t Kr. 890,- pp *Prisane er gjeldande for min. 6 deltakarar.  

Besøk vingen, det største helleristingsfeltet i Europa

Helleristningsfeltet Vingen Turen går tur/r frå Kalvåg til Vingen med passering av majestetiske Hornelen. Vingenfeltet er eit av det største helleristningsfeltet i Europa. Feltet inneheld over 2000 ulike risningar med historie tilbake til 4000 år f.kr. Turen inkulderar guide og landavgift. 2,5 t Kr. 790,- pp. *Prisane er gjeldande for min. 6 deltakarar * Sommaren 2019; Det er guida turar til Vingen kvar fredag frå midten av juni til midten av august.  Sjå meir detaljar her..    

Båttur vest av Kalvåg

Ved vårt utval i båtturar kjem du tett på natur, sjø, fugl og dyreliv. Vest av Kalvåg mellom 700 holmar og skjer. Vi vil passere gamle og nyaere busetningar helt ute ved havet. På turen vil ein kunne få oppleve eit rikt dyreliv og ein fantastisk natur. På denne turen har vi Havørngaranti. 2,5 t Kr. 1190,- pp. *Prisane er gjeldande for min. 6 deltakarar. Praktisk info:Alle turar går med mindre hurtigbåt eller tilsvarande som på bilete. Båten tek inntil 11 passasjerar på ein komfortabel reise rundt på ulike mål i vår flotte skjergard som yrar av fugle og dyreliv. Ta kontakt ved større grupper enn 11 personar. Det er kjentmann med på alle turar til ei kvar tid. Turane kan avvike noko på tid, køyrerute eller bli kansellert på kort varsel grunna endring i ver. Prisane er gjeldande for min. 6 deltakarar.

Krabbe og hummerfiske

Krabbe/ hummer*-fiske 2 t Turen går mellom holmar og skjer i nærområdet med draging, tømming og egning av teiner. *Hummerfiske er kun i perioden 1. oktober-30. November   

Kunst i Kalvåg

Kalvåg har – ute i naturen – kunstutstilling året rund; Kunstarbeid i filt (tekstil laget av dyrehår eller ull) finn du i kunstløypa ved Kalvåg sentrum. Her oppdagar ein stadig nye ting, opplevinga er like stor om du går løypa både 2 og 3 gonger! Galleri Frøya har ellers fast kunstutstilling inne heile året. Meir informasjon om Galleri Frøya her.. Meir informasjon om kunstnaren Karin Flatøy Svarstad her… Meir informasjon om kurs og turprogram i regi av Galleri Frøya her../ Sommarakademiet.

Vamråk Sildesalteri

Under det store sildefisket på midten av 1800-talet var Kalvåg reine fiskemetropolen – med fleire tusen tilreisande fiskarar. Vamråbuene representerer ein del av den næringsverksemda som sildefisket skapte, og er i dag ein del av Kystmuseet i Sogn og Fjordane, men var i drift heilt fram til byrjinga av 90 talet. Her får du omvising etter avtale, og eit spennande innblikk i korleis fiskeindustrien har utvikla seg frå 1800-talet og fram til i dag.

Sjøhusmiljøet i Kalvåg

Kalvåg har eit av dei best bevarte sjøbruksmiljøa på Vestlandet. Buene ligg tett i tett rundt den vesle vågen og dannar eit sjarmerande miljø. Ta deg tid til ei «buavandring» når du er i Kalvåg. Her får du ei guida omvising av kjentfolk som har jobba på buene i ein mannsalder. Vamråk Sildesalteri er i dag ein del av Kystmusee.

Utstillingar

Det er fleire galleri med ulike utstillingar i Ytre Bremanger. Vi kan nemne: Galleri Frøya vart opna sommaren 2003, og er ein del av Sommarakademiet. Her finn du bl.a. kunstverk i ull, som bilder og skulptur. Galleriet ligg i Kalvåg sentrum, og har utstilling store delar av sommaren. I tilknytning til Galleri Frøya finn vi og Galleributikken. Galleriet opnar i år 20. juni med utstilling av Åge Steinset. Frå 10. september vert det dukke utstilling  med Britt Kjellesvik Rage. Holmen Atelier DS Foto

Fiskebutikken

I fiskebutikken rett over vågen hos Br.Larsen finn du ein flott fiskebutikk. Der kan du handle filet som fersk og frossen, ulike skaldyr samt ferdigeprodukt som. bla. fiskekaker.

Bading og strandliv

Kalvåg og Bremanger har flotte strender. Grotlesanden Grotlesanden er ei av dei flottaste badestrendene i vårt område og ligg 20 min. med bil frå Kalvåg. Bontelabo I Kalvåg, i gangavstand frå sentrum har vi badeplassen Bontelabo. Risevatnet I Svelgen, i gangavstand frå sentrum har vi.

Frisbee Golf

Dette er ein ideell aktivitet for store og små grupper. Frå Kalvåg blir dette i praksis ein konkurranse langs Nordsjøløypa, som er ein fantastisk naturoppleving i seg sjølv, der ein kastar ein frisbee mot eit mål akkurat som med vanleg golf. Ein går i ulendt terreng i ditt eige tempo og teller antall kast. Dette er ein morosam og sosial aktivitet for alle som kan gå. Her er det også mulegheit for ein lunsj-stopp med bål og utsikt over havet ved Lyngneset eller ein kaffikopp ved Lambereva.

Dykking i Kalvåg

I samarbeid med Kalvåg dykkarklub kan vi tilby bl.a. tilby dykkarturar, kurs, luftfylling og alt som høyrer til. Det er perfekte forhold for alle typar dykking i området. Det er rett og slett eit eldorado, og det er sagt at dette er ein av den beste stadene i heile Sør-Norge å dykke.  

Akademiet i Kalvåg

Sommarakademiet ønskjer å utvikle og knytte nasjonale og internasjonale nettverk innanfor kunst og kultur. Det er lagt særlig vekt på utveksling og samarbeid med landa i ”vesterled”. Sommarakademiet tilbyr aktivitetar for dei som ynskjer oppleivingar innan kunst og kultur. Det vert arrangert kurs innan m.a. maling og flitting/toving. Dette er kurs som er opne for alle anten ein har erfaring eller ynskjer å lære seg noko nytt. Konsertar, kunst utstillingar og turar kan ein oppleve i spesielle og særprega omgjevnader. Sjå eige program. Sommarakademiet startar kunstskulen i Kalvåg allereie i april/ mai. Her kan du delta på eit rikt antall kurs med profesjonelle lærarkrefter. I samband med hjortejakta disponerar vi pr i dag 2 jaktvald. Flott og lett terreng. 2 X 4 km me to mindre plantefelt. På Knutholmen får du overnatting, mat og drikke, slakteplass og kjølerom. Det er mogeleg å leige lokalkjend guide. Les mere her…. Ta kontakt for meir informasjon.

Fotturer

Av fotturar i og rundt Kalvåg fører turen til Flona deg inn i ei storslått sanseverd Flona Av fotturar i og rundt Kalvåg fører turen til ”Flona” deg inn i ei storslått sanseverd, der holmar og skjer så langt auge rekk – hav og bølgja som bryt frå storhavet står saman om å skape eit eldorado. Kanskje får du auge på havørna? Kjerringhalsen Tek du turen til Kjerringhalsen fyr, kan du sjå mot Mulehaudet og få med deg den unike opplevinga av hekkande ørn. Dette er ein spennande tur, der bolta smijern er festa for å sikre deg. I Småvågane der løypa går over frå veg til sti finn ei gamal grav frå tidleg folkevandringstid omlag 400 år e. kr, omkransa med 9 steinstøtter. Fanneskarvarden Turen går gjennom skog og til snaufjell. Enkelte bratte parti, men fint å gå både for store og små. Fanneskarvarden er høgste punktet på øya med 378 m.o.h. Bontelabo-Storehovden Løypa er under bygging, men ein kan likevel gå den. Løypa går over Flona til Storehovden. Hornelen Hornelen er europas høgaste sjøklippe, 860 m.o.h. Turen tek frå 3 – 5 timar ein veg. Start ved enden av vegen på Hunskår eller Berleneset. Dette er turen for dei som er ute etter ei ekstra oppleving. Fantastisk utsikt frå toppen av Hornelen. Det er bygd ei lita steinhytte på toppen. Til Hornelen kan kan du og vere med på arrangerte turar med guide. For nærare omtale og fleire turforslag sjå Bremanger til fots og  Visit Bremanger

Buaspa

Unn deg deilig velvære i sjøbu-miljø med solopplevelse på innandørs sandstrand Her kan du sole deg heile året. Eit nytt og unikt spa anlegg som kan by på store badestampar inne og ute ved sjøkanten. Inne i sjøbua finn de den perfekte sandstranda der du garantert kan nyte sola i sol-stolen saman. Buaspa tilbyr utallige behandlingar og kombinasjonar som vi kan skreddarsy for deg og dine behov. Her er blandt anna SPA-behandlingar, infraraud badstu, oksygen-bar, ansiktsmasker og mykje meir. Flott utsikt over vågen i Kalvåg og kun et steinkast fra Knutholmen. 2 timer opphald; 1 time solopplevelse og 1 time massasjebad & badstu veil. Kr. 390,- pp. For grupper på 6-50 personar kontakt oss. Sjå heimeside for meir info: www.buaspa.no

Skjergårdscruise

Turen går mellom holmar og skjer der vi kjem tett på den vakre kystnaturen. Skjergardscruise 2 timars tur Vi møtast på Knutholmen for utdeling av antrekk og kort orientering om turen. Fiskeskøyta tek oss med mellom 700 holmar og skjer rundt øya Frøya. Her kjem vi tett på naturen. Alt ligg til rette for å kunne sjå alt frå havørn, nise, kval og skarv til spor etter gamle saltestover frå 1800-talet. Eigen guide med god lokalkunnskap er med båten, og vil fortelje historia frå området. Vi leverer gjerne mat og drikke ombord.

Lagbyggingsaktivitetar

Morosame og interessante aktivitetar for grupper av alle slag! Du og di gruppe/bedrift vil oppleve ei blanding av vill og vakker kystnatur, mange utfordrande gruppeoppgåver, både for de spreke og mindre spreke deltakarar. Dette skapar moro, fin atmosfære og laget blir samansveisa gjennom øvingar som A-ramme-stafett, balanseøving, tårnbygging, kanorace osv. Desse øvingar er spesielt tillaga for å utfordre kommunikasjon og praktisk løysings- og samarbeidsevne. Vi skreddarsyr program for di gruppe basert på målet med samlinga i samarbeid med Norway AdvenTures.

Havrafting

Kombinasjonstur der du får alt; historie og kultur, fart, spenning og friske opplevingar 2 timars tur for inntil 12 personar Båten tek dykk med vest av Hovden til Kvanhovden fyr, og vidare til Dombevågen. Vi fortel litt om plasse og historie frå krigens dagar. Deretter køyrer vi vidare til Store Batalden og til Fanøy. Her blir det ein liten stopp for forfriskningar. Når vi er klar igjen, går vi langs Barekstadlandet mot Kalvåg. Dette er ein kombinasjonstur der ein får historie frå området, fart, spenning og ein dose med friske opplevingar. La deg rive med av denne filmen:

Guided havkajakk tur

Fantastiske naturopplevelser i øyeriket rett utanfor Kalvåg for nybegynnarar og erfarne padlarar i samarbeid med Norway AdvenTURes. Flott og avslappet aktivitet for små og middelstore grupper (maks. 25 pers). Direkte fra Knutholmen starter vi for en fantastisk tur (eventuelt med lynkurs for nybegynnarar) vi kan ta det fra 3 timer til en heil dag med strandhogg på en øde øy ute i havgapet og pannekaker steikt på bålet. En uforglemmelig naturopplevelse blant sel og ørn.

Fisketur med skøyte

Tur med konkurranse, observasjonsoppgåver og guiding. Vi møtast på piren ved Knutholmen. Her kler vi på oss varmedressar og sydvest før ombordstigning i fiskeskøyta. Før vi kastar loss og set kursen mot fiskefeltet, vert det ei kort orientering om turen. Vi organiserer konkurranse i fiske og observasjonsoppgåver. Her er det mogeleg med god fangst. Du kan få torsk, lyr, hyse, brosme, lange, steinbit, kveite, krabbe og havål! Vi skal òg sjå etter havørn, skarv, alke, storlom, kobbe, spekkhogger og kval. Det vert orientering og guiding jamnleg under heile turen. Retur til Knutholmen, fortøying og ankerdram! Det er mogeleg med servering av mat og drikke ombord. Turen tek 3 timar. Om det er ynskjeleg kan den utvidast opp til 5 timar.

Buavandring

Ei historisk vandring i Kalvåg med eit unikt sjøhusmiljø. Vi møtast i Gamle-butikken (Frøyenhuset), der det vert utlevert korrekt antrekk for ei historisk vandring gjennom 5000 år i Kalvåg. Vi ruslar gjennom bygda, rundt vågen og legg inn eit besøk hos Vamråk sildesalteri som no er museum. Vandringa blir avslutta med en sildedram på Gamle-butikken. Turen tek ca. 1,5 time. min. 10 pers, maks 30 pers.

Aperitif i Galleri Frøya

Her finn de mykje flott kunst og handtverk, med hovudvekt på arbeider i ull. Galleri Frøya er bygd opp av Karin Flatøy Svarstad som har skiftande utstillingar gjennom året med hovudvekt på arbeider i ull. Karin held forskjellige kurs gjennom heile året samtidig som det vert jobba mykje med sommarakademiet kvar år. I Kalvåg er det etablert et kultursenter i de gamle butikklokalene fra 50-tallet. Her ligger Galleri Frøya, med verksteder, undervisningslokaler, butikk og Galleri Loftet med stor takterrasse. Vi møter opp i galleriet, og får servert musserande vin, frukt og snacks. Orientering om galleriet samt mingling på dei ulike kunsttypane. Galleriet har og eige utsal. Det er mogeleg med eigne føredragshaldarar, musikkinnslag e.l.