Vamråk Sildesalteri

Under det store sildefisket på midten av 1800-talet var Kalvåg reine fiskemetropolen – med fleire tusen tilreisande fiskarar.
Vamråbuene representerer ein del av den næringsverksemda som sildefisket skapte, og er i dag ein del av Kystmuseet i Sogn og Fjordane, men var i drift heilt fram til byrjinga av 90 talet.
Her får du omvising etter avtale, og eit spennande innblikk i korleis fiskeindustrien har utvikla seg frå 1800-talet og fram til i dag.