Frisbee Golf

Dette er ein ideell aktivitet for store og små grupper. Frå Kalvåg blir dette i praksis ein konkurranse langs Nordsjøløypa, som er ein fantastisk naturoppleving i seg sjølv, der ein kastar ein frisbee mot eit mål akkurat som med vanleg golf. Ein går i ulendt terreng i ditt eige tempo og teller antall kast.

Dette er ein morosam og sosial aktivitet for alle som kan gå. Her er det også mulegheit for ein lunsj-stopp med bål og utsikt over havet ved Lyngneset eller ein kaffikopp ved Lambereva.