Fotturer

Av fotturar i og rundt Kalvåg fører turen til Flona deg inn i ei storslått sanseverd

Flona
Av fotturar i og rundt Kalvåg fører turen til ”Flona” deg inn i ei storslått sanseverd, der holmar og skjer så langt auge rekk – hav og bølgja som bryt frå storhavet står saman om å skape eit eldorado. Kanskje får du auge på havørna?

Kjerringhalsen
Tek du turen til Kjerringhalsen fyr, kan du sjå mot Mulehaudet og få med deg den unike opplevinga av hekkande ørn. Dette er ein spennande tur, der bolta smijern er festa for å sikre deg. I Småvågane der løypa går over frå veg til sti finn ei gamal grav frå tidleg folkevandringstid omlag 400 år e. kr, omkransa med 9 steinstøtter.

Fanneskarvarden
Turen går gjennom skog og til snaufjell. Enkelte bratte parti, men fint å gå både for store og små. Fanneskarvarden er høgste punktet på øya med 378 m.o.h.

Bontelabo-Storehovden
Løypa er under bygging, men ein kan likevel gå den. Løypa går over Flona til Storehovden.

Hornelen
Hornelen er europas høgaste sjøklippe, 860 m.o.h. Turen tek frå 3 – 5 timar ein veg. Start ved enden av vegen på Hunskår eller Berleneset. Dette er turen for dei som er ute etter ei ekstra oppleving. Fantastisk utsikt frå toppen av Hornelen. Det er bygd ei lita steinhytte på toppen. Til Hornelen kan kan du og vere med på arrangerte turar med guide.

For nærare omtale og fleire turforslag sjå Bremanger til fots og  Visit Bremanger