Skjergårdscruise

Turen går mellom holmar og skjer der vi kjem tett på den vakre kystnaturen.

Skjergardscruise
2 timars tur

Vi møtast på Knutholmen for utdeling av antrekk og kort orientering om turen.

Fiskeskøyta tek oss med mellom 700 holmar og skjer rundt øya Frøya. Her kjem vi tett på naturen. Alt ligg til rette for å kunne sjå alt frå havørn, nise, kval og skarv til spor etter gamle saltestover frå 1800-talet. Eigen guide med god lokalkunnskap er med båten, og vil fortelje historia frå området.

Vi leverer gjerne mat og drikke ombord.