Havrafting

Kombinasjonstur der du får alt; historie og kultur, fart, spenning og friske opplevingar

2 timars tur for inntil 12 personar

Båten tek dykk med vest av Hovden til Kvanhovden fyr, og vidare til Dombevågen. Vi fortel litt om plasse og historie frå krigens dagar. Deretter køyrer vi vidare til Store Batalden og til Fanøy. Her blir det ein liten stopp for forfriskningar. Når vi er klar igjen, går vi langs Barekstadlandet mot Kalvåg. Dette er ein kombinasjonstur der ein får historie frå området, fart, spenning og ein dose med friske opplevingar.

La deg rive med av denne filmen: