Fisketur med skøyte

Tur med konkurranse, observasjonsoppgåver og guiding.

Vi møtast på piren ved Knutholmen. Her kler vi på oss varmedressar og sydvest før ombordstigning i fiskeskøyta. Før vi kastar loss og set kursen mot fiskefeltet, vert det ei kort orientering om turen. Vi organiserer konkurranse i fiske og observasjonsoppgåver. Her er det mogeleg med god fangst. Du kan få torsk, lyr, hyse, brosme, lange, steinbit, kveite, krabbe og havål!

Vi skal òg sjå etter havørn, skarv, alke, storlom, kobbe, spekkhogger og kval.

Det vert orientering og guiding jamnleg under heile turen. Retur til Knutholmen, fortøying og ankerdram!

Det er mogeleg med servering av mat og drikke ombord. Turen tek 3 timar. Om det er ynskjeleg kan den utvidast opp til 5 timar.