Buavandring

Ei historisk vandring i Kalvåg med eit unikt sjøhusmiljø.

Vi møtast i Gamle-butikken (Frøyenhuset), der det vert utlevert korrekt antrekk for ei historisk vandring gjennom 5000 år i Kalvåg. Vi ruslar gjennom bygda, rundt vågen og legg inn eit besøk hos Vamråk sildesalteri som no er museum. Vandringa blir avslutta med en sildedram på Gamle-butikken. Turen tek ca. 1,5 time. min. 10 pers, maks 30 pers.