Stormtur og yoga med Solfure – 24.-26.januar 2020

Bli med Solfure til Knutholmen for ei avslappande helg med fokus på å finne indre ro og balanse. Med på laget har ho dyktige Eli Gro Bergby Carlsen som vil leie deg gjennom herlege yogatimar. Øktene vil finne stad på det oppvarma og stemningsfulle loftet på rorbua Frøyenhuset.
Lørdag skal vi på tur til Nesje fyr og stormhytta Dosabu der vi nyt niste og kakao med utsikt til bråttsjø og horisont.

Pris og innhald:
2-rettar middag fredag
Overnatting to døgn i dbl. rom
Frokost og nistepakke to dagar
3-rettar middag lørdag
Alle Yogatimar
Guida stormtur

Pris. pp kr. 3990,-
*enkeltromstillegg kr. 300,- pp.pd.

Program 24.-26. Januar:

Fredag:
Individuell Innsjekk
kl.19:00-20:00 Yoga Flyt og Styrke 60 min
kl.20:30 Middag, 2-rettar

Lørdag:
kl.08:00-10:00: Frokost
kl.10:00-15:00: Stormtur til Dosabua og Nesje fyr
kl.17:00-18:15: Ettermiddagsyoga, Yin og Flyt 75 min.
kl.19:30: Middag, 3 rettar

Søndag:
kl.09:00-10:30: MorgonYoga, Yin 75. min
kl.10:30 Frokost

Om Solfure:
Ingeborg Sol Fure er kjent gjennom instagramkontoen «Solfure» der ho for over 17 000 følgere formidler nære lyriske tekstar og poetiske bilete. Ho bruker naturen som kanal for å skape kunst, men også som fristad for å finne jording og balanse. Sol Fure både inspirerer og utfordrer deg på ulike vis, ho ønsker mellom anna at du skal kjenne på alt det gode, og opne opp for kjærleik og sjølvaksept.

Om Eli Gro:
Eli Gro har praktisert og undervist yoga sidan 2009 og har sertifisering gjennom Global Yoga (Hata) Yin og Yoga for barn. Ho undervis yoga ved Spenst Førde. For Eli Gro handlar yoga om «reisa på matta». Ho er opptatt av å legge vekk vurderinga om korleis stillinga ser ut, men heller korleis den kjennes. Det at man kan legge vekk konkurranseinstinkt og komme til God Nok er viktig formidling for Eli Gro.

Om turen til Dosabu og Nesje Fyr:
Dosabu er plassert på kanten av klippeterrenget på Frøya, vest av Kalvåg med panorama utsikt til storhavet.
Plassering er nøye planlagt i terrenget mtp. utsikt, inngrep og materialbruk. Det tar ca ein time å gå for å komme fram til hytta, men det er det vel verdt. Utsikta er upåklageleg.
Bremanger er eit eldorado for havørn, og kanskje du er heldig og får auge på desse majestetiske rovfuglane?
Vi tek med mat og drikke, og nyt utsikta medan vi sit lunt og godt inne før vi tar turen innom Nesje Fyr på veg attende til Kalvåg. Rundturen tek ca 4 timar inkl pausar, fotografering, og nyting av all den vakre naturen. Turen passar alle nivå.

Om Yogatimane:
Du kan komme akkurat som du er, med lite eller mer yogaerfaring, timene passer for alle.

Yoga Styrke 60. Vi jobbar rolig inn i yogaposisjoner og har fokus på jording, styrke og pust. Timen vil skape energi, balanse, fleksibilitet og indre ro.

Yoga Flyt og Yin 75. I denne timen legges det vekt på bevegelse synkronisert med pust (også kalt vinyasa flow). Mot slutten av timen praktiserer vi Yin Yoga, ein helt rolig praksis, som hjelper å roe nervesystemet.

Yin Yoga 75. Yin Yoga er ei roleg yogaform der fokus er stressreduksjon og avspenning av kropp og sinn. Alle øvelsar foregår liggende eller sittende på matta, og vi held posisjonane mellom 3-5 minutt. Vi jobber særleg med posisjoner som lindrer smerte i bekken, rygg og skuldre. På denne timen vil det bli brukt eteriske oljer som skaper ro og balanse.

Pakkeliste:

Til yoga:
Ledige klede til yoga
Yogamatte
Pledd til avspenning

Til turen:
Vind og vanntett bukse og jakke
Mellomlag som ullgenser eller dunjakke
Innerkle som tynn ull eller bambus
Lue, buff, votter, ullsokker
Sko som går over ankel (fjellsko)
Brodder og hodelykt
Liten tursekk, gjerne med hoftereim
Middag fredag: vi et i yogaklede
Middag laurdag: cashual pent

Bua SPA:
Ellers kan det bli tid laurdag til ein tur på Carolas Buaspa for dei som ønsker, i såfall: ta med badetøy.
Søndag avslutter vi etter sein frukost sidan det erfaringsmessig ofte er deltakarar med lang reiseveg. For dei som har kort reiseveg kan vi gje tips om stader i nærleiken ein kan utforske på eiga hand.

VELKOMMEN TIL KALVÅG!