Bli med Sol Fure på tur til Europas høgaste sjøklippe, Hornelen, 20-22 september!

Bli med Sol Fure på tur til Europas høgaste sjøklippe, Hornelen, 20-22 september!

Program:

Fredag:
Innlosjering på Knutholmen
3-retters middag
informasjon om morgondagens tur og inspirasjonsforedrag «God Nok» av Ingeborg Sol Fure.

Laurdag:
Frukostbuffet og nistesmørring
Avreise tur til Hornelen
«Havets Festbord»
inspirasjonsforedrag «Det er din tur» av Sandra Hatlestad Hove.

Søndag:
Morgonyoga med Eli Gro Bergby Carlsen
frukostbuffet
utsjekk
tur til GrotlesandenSUP og vel heim.

Prisar og innhald:
3-rettar middag fredag
Havets Festbord laurda
Frokost to dagar
Nistesmøring
Overnatting to døgn
Guida tur til Hornelen og alle aktivitetar
Alle foredrag

Pris pp.  kr 3900,- i dbl. rom
tillegg for enkrltrom kr. 300,- pp.pd

Påmelding: Send mail med namn, adr og telefonnummer til post@knutholmen.no

 

 

                                                                                                                                                                                                                                                                                           Ingeborg Sol Fure brukar naturen som fristad frå dagligdags stress og som kanal for å skape kunst gjennom bilete og ord.
instagramkontoen «Solfure» deler ho dagleg visuelle opplevingar for over 15 500 følgere.
Kunsten hennar finn du òg på Knutholmen, der vi har ei stor utstilling med bilete og dikt av Sol Fure.
I foredraget «God nok» vil Sol fortelje om erfaringane ho gjorde seg då ho i 2013 møtte veggen, og kva naturen har betydd for ho.
Tospannet Sol & Sandra vil vere dykkar guider på turen til Hornelen.
Desse damene er kjende for å arrangere turar fulle i opplevingar, med humor og godkjensla i senter.

 

 

 

Sandra Hatlestad Hove er ein lidenskapeleg friluftsentusiast med base i fagre sunnfjord.
Saman med mann og to døtre driv dei firmaet «Fjeldfolk».
Fjeldfolk ønsker å skape turglede, livsglede og evige minner gjennom meistring og gode opplevingar i naturen.
I foredraget «Det er din tur» fortel ho om stien og inspirasjonen frå barneåra til det som i dag er ryggrada i Fjeldfolk.

 

Eli Gro Bergby Carlsen har praktisert og undervist yoga sidan 2009 og har sertifisering gjennom Global Yoga, Yin og Yoga for barn. Ho underviser yoga ved Spenst Førde. Carlsen seier: «Yoga for meg handlar om reisa på matta. Eg er oppteken av å legge vekk vurderinga om korleis stillinga ser ut, men heller korleis den føles. Det at man skal legge vekk konkurranseinstinkt og komme til God Nok er viktig for meg å formidle.»

VELKOMEN TIL EI HELG FYLT MED INSPIRASJON, LIVSGLEDE, LATTER OG NYE MINNER!