Boksignering og fotoutstilling «100 dagar utan deg»

Boksignering og fotoutstilling «100 dagar utan deg»
17.Nov kl.12:00

Frøyenhuset , Knutholmen
Utstillar: Ingeborg Sol Fure

Opning av poesi og fotoutstillinga «100 dagar utan deg» av Ingeborg Sol Fure.
Sol Fure vi opne utstillinga klokka 1200. Då vi ho ta oss gjennom hennar reise, og bakgrunnen for dette prosjektet etterfulgt av boksignering.

Sol Fure har skrive heile livet, for nokre år sidan starta ho å publisere tekstar på Instagram-profilen sin.

38-åringen kjem frå Måløy, og bur i Førde. Gjennom Instagram-kontoen hennar Solfure tek ho dei 15.800 følgjarane hennar med på ei reise gjennom vestlandsnaturen med flotte naturbilde og sjølvskrivne tekstar som no har blitt til bok og fotoutstilling.

Boka gir Ingeborg Sol Fure ut sjølv og sel den gjennom Instagram-profilen hennar og organisasjonen Dråpen i havet. Alt overskot går til organisasjonen Dråpen i havet, som er ein humanitær bistandsorganisasjon som har som mål å hjelpe menneske på flukt, i hovudsak barn og deira mødre.